Jarle har forlengst fått gløden tilbake, dog ekspedisjonslivet er satt på vent. Han trener hardt og ofte, arrangerer turer over hele verden og er bokaktuell med Livet i fjella – og kampen for å overleve Everest.
Hva har du gjort i sommer?
Denne sommaren har det vore mest fokus på jobbing, men eg håper at det travlaste snart er over. Men har fått trent mykje likevel. Trening blir aldri nedprioritert, uansett om det er travelt. Er treningsnarkoman - på godt og vondt...
Hvordan ser en perfekt dag ut for deg?
Det blir først ein del timer med jobbing framfor pc'en. Syns det er veldig moro å arbeide med firmaet mitt, så det ser eg som regel på meir som glede enn som slit sjølv om det kan vera travelt av og til. Så blir det ein lang tur på terrengsykkelen utpå ettermiddagen. Så blir det som regel jobbing igjen på kvelden. Likar også å sjå ein film om kvelden, men i det siste har det ikkje blitt mykje tid til det.
Det har gått et drøyt år siden du var på Everest, hvilke tanker gjør du deg om de kritiske timene over 8000 meter nå?
At det var utruleg at eg overlevde. Det skal eigentleg ikkje vera mogeleg. At eg reiste meg opp igjen etter to iskalde netter ute, for å fortsetta nedover er absolutt ikkje normalt. Det normale er at du blir liggande til du dør, sjølv etter berre ei natt ute.

Jarle hjelpes ned fra ABC (6400 m) til basecamp etter ulykken. Foto: Petter Nyquist
Har du i etterkant endret oppfatning til å ta risiko?
Nei, det kan eg vel ikkje sei. I motsetning til kva ein kan få inntrykk av i dei tabloide media så har eg alltid hatt eit bevisst forhold til risiko, så det er nok det samme no som før.
Ser du andre verdier i livet nå enn tidligere ?
Både og. Heldigvis har jo dette gått mykje betre enn eg frykta i fjor sommar, då eg trudde det ville bety at eg måtte endra måten eg levde på. Men eg lever stort sett som før, så det er nok mange av dei samme verdiane som er viktig for meg no som tidlegare. Men ein positiv forandring som kom ut av dette er faktisk at eg har fått litt meir roen over meg. Før var det berre nokre dagar heime mellom kvar tur eller ekspedisjon, og det er ingen tvil om at eg levde eit stressande liv. Det var tusen ting som skulle gjerast dei få dagane eg var heime. No lever eg litt rolegare, og det er eigentleg veldig behageleg...
Mange er opptatt av hvordan det går med deg, med litt kortere fingre og tær enn før. Hva er dine største hverdagslige utfordringer nå?
Har ingen kvardagslege utfordringer. Fekk heldigvis beholde så mykje av fingrane at det er ingen problemer der. Heller ikkje problemer å gå korte turer, men det er verre med lange turer. Derfor blir det mest terrengsykkel for tida, men sykling har alltid vore ein stor lidenskap, så eg kan ikkje klage.
Du kommer snart ut med din egen historie i bokform fra dramaet. Kan vi vente noen overraskelser ?
For dei som har satt seg inn i saka blir det vel få overraskelsar. Men dei som berre har lest Dagbladet vil nok få seg mange store overaskelsar.
Mange er opptatt av hvordan det går med deg, med litt kortere fingre og tær enn før. Hva er dine største hverdagslige utfordringer nå?
Har ingen kvardagslege utfordringer. Fekk heldigvis beholde så mykje av fingrane at det er ingen problemer der. Heller ikkje problemer å gå korte turer, men det er verre med lange turer. Derfor blir det mest terrengsykkel for tida, men sykling har alltid vore ein stor lidenskap, så eg kan ikkje klage.

Faksimile fra Dagbladets kritiske reportasje om Jarle Trås Everestdrama. Jarle klaget Dagbladet inn for PFU og vant saken.
Du har mange turer på programmet i reisefirmaet ditt. Har omtalen vært positiv eller negativ for virksomheten?
Eg har stor tilstrømming av kunder, så eg tolkar det som at folk har forstått at mykje av det som vart skrevet ikkje berre var skeivt framstilt, men at det rett og slett var direkte feil. Mitt firma sin største styrke akkurat no er at eg har utruleg dyktige turledarar som arbeider for meg. Dei får 10 poeng (max score) på nesten alle tilbakemeldingsskjemaene. Det er det aller viktigaste når ein driv i denne bransjen, at turledarane er gode på det reint praktiske, og aller viktigast er det at dei er gode med mennesker.
Hva med dine egne turdrømmer framover?
Eg har reist så ufatteleg mykje dei siste åra, at eigentleg så nyter eg veldig det å berre dra rundt i Norge å sykle på alle dei fantastiske fjellvegane og stiane som me har her. Men eg skal sannsynlegvis til Spania i oktober, då blir sykkelen garantert tatt med.
Har du et tips til de som drømmer om 8000-metere ?
Gå gradene. Det er mange i dag som tar spranget direkte f.eks. frå Kilimanjaro til Everest. Det er å spela eit høgt spel. Då veit du ikkje om kroppen din tåler verkeleg tynn luft. Forskjellen mellom Kilimanjaro og Everest er enorm.

Livet i fjella – og kampen for å overleve Everest. Vigmostad Bjørke Forlag
Ønsker du å kjøpe boken til Jarle før den kommer i butikkhyllene 14.sept kan du forhåndsbestille den her på forlagets nettsider.







































